Innovative Vestlandsbønder driv verdas «vakraste» matproduksjon

Sjølv om halvparten av mjølkebøndene har slutta siste femten åra, har dei som er att greidd å halde den totale produksjonen oppe, skriv Anders Felde.

Sjølv om halvparten av mjølkebøndene har slutta siste femten åra, har dei som er att greidd å halde den totale produksjonen oppe, skriv Anders Felde. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Vestlandsbonden bit seg fast i bratte, våte bakkar og trass i at det blir færre av oss, so held vi framleis matproduksjonen oppe. For dei som tenkjer på bonden som treig, lite omstillingsdyktig og redd for ny teknologi so kunne ein ikkje ta meir feil

Sjølv om halvparten av mjølkebøndene har slutta siste femten åra, har dei som er att greidd å halde den totale produksjonen oppe. I same perioden er det investert i mange nye fjøs og det er 230 mjølkerobotar i drift i Vestland. Mange fleire slike fjøs må det bli dei komande åra. Mjølkeroboten gir bonden meir fleksibel arbeidstid. Ny teknologi skapar interesse blant nye generasjonar, men også erfarne mjølkeprodusentar får «ein ny vår» med ny teknologi. På den andre sida kan ei teknologisk utvikling og store investeringar i nye fjøs diskvalifisere mange vestlandsbruk for ei framtid i matproduksjonen. Dette fordi garden har for lite inntektsgrunnlag til å kunne forsvare investeringane. Teknologi og robotisering vil alltid vere sterke drivarar for større bruk med auka produksjon på kvart gardsbruk. Difor treng ein målretta politikk som kan motverke dei strukturendringane som den nye teknologien pressar fram.

Mjølk og kjøt frå kua skapar store verdiar i Vestland. I dei fleste tilfelle finst det ikkje alternativ produksjon på desse areala. Vil ein ha eit ope landskap der ein forvandlar lågverdig protein (gras) til høgverdig protein som vi menneske kan nytte oss av, so er kyrne avgjerande for Vestland. Dette blir kalla «det grøne skiftet». Bøndene i Vestland har drive med det sidan tidenes morgon.

Innan frukt- og bærnæringa ser vi mykje innovasjonsevne og entreprenørskap. Bringebær i tunnel og dekking av hagar med morellar er eit vanleg syn i Hardanger, Sogn og Nordfjord. Alt for å få betre kvalitet. Tettare planting og «mindre» tre i fruktproduksjonen viser at utviklinga innan planteriket også går framover og gir auka volum pr. dekar. Plommene og morellane frå Vestlandet smakar som eit eventyr, og gir ei avkastning pr. dekar som mange husdyrprodusentar berre kan drøyme om. Siderprodusentane har greidd å utvikle ein gamal lokal siderkultur til noko som kan konkurrere ut den kjende Italienske Prosecco’en. Fornyinga og innovasjonsevna i frukt-, bærnæringa er noko vi verkeleg kan vere stolt av.

I Lærdal finn vi det største produsentmiljøet innan potet, gulrot og andre grønsaker. Også i dette miljøet er fokuset vendt framover og utover i marknaden med utprøving av nye sortar og testing av ny teknologi. Kvotar innan potet og grønsakproduksjonen gjer at produksjonen ikkje har enkel inngang, men mogelegheitene som ligg i Bondens marknad, Reko-ringen og direktesal gir likevel fleire bønder mogelegheit å auke produksjon av grønsaker og potet også i Vestland.

Småfebønder brukar teknologi for å finne ut kor dyra går. Enkelte brukar også dronar til hjelp under sauesankinga. Likevel er framleis hunden det beste verktøyet under sankinga. Lite innan matproduksjonen er so framtidsretta som lammet, der det følger mor si opp til 1000 meters høgde. Et gras og andre vekstar som få andre dyr kan gjere seg nytte av. Før dei ruslar heim og gir oss fantastiske matopplevingar, anten det er kring pinnekjøtet til jul eller lammekebaben som ungdomen serverer på fredagskvelden.

Den store matproduksjonen i Vestland formar eit landskap som gjer at mange kring om i verda vil kome og besøke oss. Sist sommar kom nordmenn i hopetal, og når alt vert bra og koronatida er forbi kjem heile verda attende til oss. 6000 dyktige matprodusentar legg ned mange arbeidstimar i eit variert landskap. Resultatet vert verdiskaping, mykje mat og grunnsteinen for turistnæringa. Vi skal ikkje ta kulturlandskapet for gitt, allereie ser vi store område som er i ferd med å gro igjen. Det må vere i aktiv drift med grasetande dyr og aktiv planteproduksjon. Den beste støtta ein kan gi Vestlandsbonden er å kjøpe produkta vi produserer. Det er ikkje kylling og Prosecco som skapar Vestland. Det er det sau, geit, kyr, eple og bringebær som gjer.

Vestlandsbonden er framtidsbonden, men då må vi alle velje produkta frå Vestland i butikken. God jul


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken