Gå til sidens hovedinnhold

Innlagd pasient testa positivt for korona

Hadde ingen nærkontakt med andre pasientar.

Onsdag testa ein pasient ved Nordfjord sjukehus positivt. Vedkommande vart innlagd måndag.

Dette kjem fram i ei pressemelding frå Helse Førde.

Pasienten er ein eldre person, og det var ikkje mistanke om korona då vedkommande vart innlagd.

Medan vedkommande har vore innlagd har personen vore på einerom og difor ikkje hatt nærkontakt med andre inneliggande pasientar. Men den smitta har vore til undersøking på fleire avdelingar på sjukehuset.

16 tilsette i spesialisthelsetenesta i Nordfjord er i karantene. Desse har anten fått første vaksinedose eller er uvaksinerte, og dei vert testa i dagane framover.

Den koronasjuke pasienten er overført til Førde sentralsjukehus.