Gå til sidens hovedinnhold

Innfører nye tiltak for å stoppe smitten i heimen

Regjeringa har kome med skjerpede reglar og tydelegare krav for personar i samme husstand som ein som er smitta.

– Betydeleg del av smitten skjer mellom dei som bur saman. Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har difor anbefalt tre tiltak for å hindre ytterlegare smittespreiing. Regjeringa har følgt anbefalingane, som tredde i kraft fredag 30. oktober, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei oppdatering på regjeringa sine nettsider.

Desse krava blir innført og gjort tydelegare no:

  • Dei som er i karantene og utviklar symptom må isolere seg umiddelbart fram til eit eventuelt negativt prøveresultat ligg føre. Karantenetida på 10 døgn skal gjennomførast fullt ut, sjølv om ein får negativt svar på testen. Regjeringa endrar reglene om smittekarantene for å tydeleggjere dette.
  • Alle som har vore nærkontaktar til ein smitta, er pålagt å vere i smittekarantene. Dei blir no anbefalt å teste seg.
  • Vaksne i same husstand som er i karantene samtidig bør så langt som mogleg halde avstand til kvarandre. Rådet gjeld mellom vaksne husstandsmedlemmar og skal ikkje hindre kontakt mellom barn og foreldre.

Les også

Har hatt fem nye koronatilfelle etter at dei opna dørene att: – Ikkje uventa

Kommunane må tilby opphaldsstad

– For mange vil det vere vanskeleg å halde avstand til andre familiemedlemmar i eigen bustad. For å hindre at familiemedlemmar smittar kvarandre, har kommunane plikt til å tilby opphaldsstad til smitta som ikkje har moglegheit til å isolere seg i eigen bustad. Fleire av dei største byane har eigne hotell for personar som er smitta, seier Høie.

Desse nasjonale tiltaka tredde i kraft 28. oktober:

  • Maks 50 personar på private samkomer utanfor heimen.
  • Andre arrangement kan ha inntil 200 personar til stades.
  • Maks 600 personar på utandørs arrangement kor alle sit i fastmonterte seter.
  • Elevar og tilsette ved barnehagar og skular skal ikkje møte på skulen eller i barnehagen ved oppståtte luftvegssymptom.
  • Det er ei anbefaling om maks fem gjestar i tillegg til dei du bur saman med. Om gjestane er frå same husstand, kan det vere fleire enn fem.
  • Barnehagebarn og barneskulebarn kan vere saman med si faste gruppe.
  • Barn og unge under 20 år har unntak frå éinmetersregelen under idretts- og fritidsaktivitetar. Felles utstyr kan då nyttast.
  • Hald minst ein meters avstand og unngå rushtid i kollektivtrafikken.
  • Regjeringa minner om det aller viktigaste: Vask hender, hald avstand, bli heime om du er sjuk og avgrens tal menneske du møter privat.

Les også

Kompensasjonsordninga til serverings- og reiselivsnæringa blir forlenga

Les også

Dette må du gjere med halloween-snopet

Les også

Kommunane får 7,3 milliardar ekstra i koronahjelp neste år