Sunnfjord kommune skriv på sine nettsider at innbyggjarane som bur på Skei er utan vatn, då det er oppdaga eit brot på hovudvassleidningen.

Kommunen opplyser klokka 14.30 at dei jobbar med å rette opp feilen.

Då Firda snakkar med teknisk vakt rett før klokka 19.00 er dei i gang med å reparere skaden. Vatnet vil truleg vere tilbake i løpet av kvelden, opplyser Stig Kvammen som er teknisk vakt i Sunnfjord kommune.

I ei oppdatering klokka halv åtte melder Sunnfjord kommune om at dei reknar med at leidningen skal vere fiksa innan klokka 22.00 søndag kveld. Vatnet vil truleg vere misfarga det første døgnet etter at det kjem tilbake.

Alle innbyggarar som er knytt til Skei vassverk må koke vatn som skal bli nytta til drikke og mat. Ein vil få varsling på SMS når det ikkje er nødvendig å koke vatnet lenger.

Les meir i denne saka: