Like før klokka 20 laurdag kveld gjekk innbrotsalarmen i eit hus på Sande. Politiet sende ein patrulje som var på staden klokka 20.30

– Det var ingen på staden då politiet kom. Etter å ha gått gjennom huset, verka det som at nokon berre hadde vore inne i vaskeromsdelen i huset. Det er litt uklart om døra dei gjekk inn var opa eller brekt opp, seier innsatsleiar Torbjørn Thue i Vest politidistrikt.

Politiet gjekk gjennom huset med huseigaren på telefon, men kunne ikkje sjå at noko var tatt, seier Frode Kolltveit på operasjonssentralen til politiet.

– Det er oppretta sak, men her er veldig avgrensa med skader. Det ser ikkje ut som det er nokon samanheng mellom dette og dei andre innbrota som har vore, seier innsatsleiar Torbjørn Thue.

Den siste veka har vore prega av uvanleg mange innbrot i Sunnfjord og Sogn. På tysdag fekk huseigarar i Slåttebakkane i Førde huset sitt endevendt av innbrotstjuvar, og to dagar seinare skjedde noko liknande i Hafslo og i Solvorn i Luster.

Natt til laurdag skjedde tre nye innbrot i Flora, og politiet pågreip to rumenske menn som dei mistenker står bak innbrotsbølga.

Seinast laurdag kveld fekk politiet melding om endå eit innbrot i Florø. Det er uvisst kor tid dette skjedde, men politiet meiner det har samanheng med dei andre innbrota.