Søndag vart det oppdaga at det har vore innbrot hos Trapp Ned i Hafstadvegen på sørsida i Førde sentrum.

Søndag kveld rundt klokka 20.00 var politiet på staden og undersøkte.

Det var då førebels uvisst kva som var sakna frå lokala, men ifølge innehavarane mangla det rundt 500 kroner frå kassa.

– Vi fekk melding om innbrotet klokka 18.48. Det skal vere eit vindauge som er brote opp, opplyser operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Han opplyser klokka 20.29 om at politiet held på med undersøkingar på staden for å finne ut av kva som har skjedd og kva som eventuelt er stole.

Eigar Marit Navelsaker Bruland vart sjølv på staden søndag kveld etter å ha blitt gjort merksam på innbrotet frå eit nabo.

– Dette er veldig ubehaleg, seier ho til Firda.