Innbrot på rutebilstasjonen i Stryn

DEL

Klokka 07.45 fekk politiet i Stryn melding om at det hadde skjedd eit innbrot på rutebilstasjonen i sentrum.

– Det er uvisst kva eller om noko er stole, opplyser Vest politidistrikt like før klokka 08.30.

Politiet er på staden og undersøker.

– Innbrotet vart oppdaga av ein bussjåfør. Det var ingen der då han kom på jobb, men ein meiner at det skal ha vore det i løpet av natta, seier operasjosleiar Eivind Hellesund.

Klokka 10.45 opplyser operasjonssentralen at patruljen er ferdig på staden.

– Åstadsundersøkingar er gjort, men ingenting er stole. Ein mistenker at innbrotstjuvane har vore på jakt etter kontantar. Det er sikra spor og saka vil bli følgt opp av det lokale lensmannskontoret, seier Hellesund og legg til at dette ikkje er første gong det har vore innbrot på rutebilstasjonen.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags