Klokka 19.40 fekk politiet melding om eit tjuveri i eit bustadhus i Slåttebakkane i Førde.
Politiet er i kveld på staden for å gjere åstadsundersøkingar.
– Glaset i altandøra er knus og huset er endevendt. Kva som er stole veit vi ikkje enno, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt litt over klokka 22.00.
TIPS OSS
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33