– Innbrotet har skjedd mellom klokka 13.00 og 20.30 tysdag, altså på den lysaste tida av døgnet. Vi ønskjer å kome i kontakt med folk som har vore i området som kan ha sett eller høyrt noko.
Det seier politiførstebetjent Åge Løseth i Fjaler, Askvoll og Hyllestad.
Huset som har hatt innbrot ligg i Storehaugsvegen, som er eit byggefelt i Askvoll sentrum. Innbrotet vart oppdaga av dottera til dei som bur i huset. Eigarane sjølv er på ferie.
Ifølgje politiet har det meste fått stå urørt i huset, og at det berre er få verdiar som er borte.
– Vi vil likevel ha tak i den eller dei som har gjort det, seier Løseth.
Natt til søndag var det innbrot på butikken Trapp Ned i Førde. Også Heidi Nyhammer som bur like ved, opplevde at nokon prøvde å bryte seg inn hos ho.
Hos Sunnfjord Elektro klarte tjuvar å låse opp bilen ved å stikke hol i ei lasteromsdør. Tjuvane fekk med seg verktøy for rundt 40.000 kroner.
– Har innbrotet i Askvoll ein samanheng med innbrota i Førde?
– Det veit vi ikkje, men vi utelukkar det ikkje. Vi har difor vore i kontakt med politiet i Førde, svarar Løseth.
Om du har tips i saka, ber politiet at du tek kontakt med lensmannskontoret i Dale på 57 73 99 50 (før klokka 15.00) eller ringer 02800.