Tysdag kveld var det innbrot i fleire hytter ved Bøyafjellstølen i Bøyadalen i Fjærland.
– Melder ringde inn og fortalde at det hadde vore innbrot i hytta si. Personen kunne også sjå at det hadde vore innbrot i fleire hytter i same område, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt Per Algrøy.
Algrøy fortel at det har vore innbrot i fire hytter, og skadeverk i éi hytte.
– I eine hytta er det tømt eit brannsløkkingsapparat. Det er også knuste ruter og dører som er brotne opp.
Det er stole ei propanflaske frå den eine hytta.
– Vi kan ikkje sjå at noko meir enn propanflaska er vekke, seier operasjonsleiaren.
Politiet har oppretta sak, og etterforskar vidare.
– Politiet har tatt åstadundersøking og prøvd å sikre spor, seier Algrøy.