Ingolf Arnarsson – eit monument i forbifarten?

DEN GONG DÅ: Statuen vart reist i 1961, bilde frå hendinga vart trykt i spalta «Firda ser tilbake» i 1996.

DEN GONG DÅ: Statuen vart reist i 1961, bilde frå hendinga vart trykt i spalta «Firda ser tilbake» i 1996. Foto:

Av
DEL

MeiningarTo gonger dei siste åra har eg kjørt rundturen Førde – Askvoll, som brua over Dalsfjorden no inviterer så flott til. Begge gongene hadde eg i tankane å sjå på statuen over Ingolf Arnarsson i Rivedal. Den eine gongen med min svenske svoger i bilen. No skulle han få sjå at Island blei busett frå denne vesle bygda i vest. Men nei, Ingolf var visst ikkje for bilturistar.

Monumentet i Rivedal kom opp i 1961 og er ein kopi av innvandringsmonumentet i Reykjavik frå 1907. I Rivedal står den trauste vikingen tett ved vegkanten, symbolsk plassert mot sjøen, som eit vitnemål om banda mellom Island og moderlandet. For Ingolf var den første som tok med seg heile husstanden og busette seg på Island. Etter islandsk tradisjon i året 874.

Kven som finansierte oppsettinga i 1961, veit eg ikkje. Men det må vel vere rett å sjå på dette som eit både nasjonalt og internasjonalt monument, kanskje det viktigaste i heile Fjordane. Det kom opp nett då bilsalet blei sleppt laus, i forkant av massebilismen. Derfor tenkte ein nok berre på å lage ein fin, grøn plass for monumentet, med tilkomst for gåande frå vegen. Tilkomsten er sidan blitt til ei lita opning i autovernet.

Det må vere på høg tid at Statens vegvesen eller fylket ser på dette og kjøper grunn til ein rasteplass. Eg kunne i dei to forbifartane mine ikkje sjå noka parkeringslomme i området. Og vegen er så trong at den ikkje inviterer til spasering langs autovernet nokre hundre meter. Skilting for kulturminne såg eg heller ikkje noko til, så Ingolf er forbi i det du oppdagar han i 50 - 60 km i timen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags