Gå til sidens hovedinnhold

Ingen teikn til brann – Hjelletunnelen er no open

Artikkelen er over 1 år gammel

Klokka 08.40 meldte Vegtrafikksentralen om at dei hadde fått melding om ein mogleg brann i Hjelletunnelen på riksveg 15 på Strynefjellet.

Brannvesenet er no framme på staden og opplyser om at det ikkje er noko teikn til brann.

– Det er ingen teikn til brann eller ulykke. Vi opnar tunnelen igjen straks, seier Benedicte Svardal i Alarmsentralen Sogn og Fjordane.

Grunnen til at brannalarmen gjekk i tunnelen var fordi brannskapet var blitt opna. I tillegg har brannsløkkingsapparatet har vore fjerna.

– Med ein gong skapet blir opna så går alarmen. Dette er for at vi skal vite kvar i tunnelen dei er om det skal ha skjedd ei ulykke eller noko brenn, seier Svardal.

Kommentarer til denne saken