Tre og ein halv time på overtid vart det semje i meklinga mellom Fellesforbundet og NHO Luftfart om flyovereinskomsten. Dermed blir det ingen streik.

– Vi er fornøgde med å ha komme i hamn etter ei krevjande mekling, med god bistand frå meklaren. No har vi komme til ei løysing som gir medlemmene våre eit lønnsløft som vi håpar dei kan slutte seg til, seier forhandlingsleiar Dag-Einar Sivertsen i Fellesforbundet.

Fellesforbundet hadde i første omgang varsla plassfråtreding for 160 medlemmer i Aviator i Bergen og Widerøe Ground Handling i Trondheim.

Fire kroner timen

Semja inneber eit generelt tillegg til alle på 4 kroner per time, og partane er også samde om eit kraftig løft av minstelønnssatsane.

– Gjennom dette resultatet meiner vi å ha komme eit godt stykke vidare på vegen i å utvikle overeinskomsten. Vi er fornøgde med at vi no har oppnådd ei solid heving av lønnssatsane, som vi meiner er heilt nødvendig for at bransjen skal bli meir konkurransedyktig, seier forhandlingsleiar Sivertsen.

I overeinskomsten er det også semje om at det skal leggjast til rette for kompetansehevande tiltak og målretta arbeid med mangfald og likeverd.

Først samde – så nei

Partane vart samde då dei møttest tidlegare i vår, men i uravstemminga blant medlemmene i Fellesforbundet stemde heile 85 prosent nei til flyovereinskomsten. Derfor møttest dei hos Riksmeklaren klokka 10 måndag.

Sjølv om det ikkje vart streik blant bakkemannskapa, er flybransjen ramma av ein annan streik gjennom at Norsk Flytekniker Organisasjon har teke ut 106 medlemmer. 39 teknikarar til blir tekne ut i streik frå og med laurdag om det ikkje blir semje om ei løysing innan den tid.