Riksantikvaren arbeider for tida med å lage ein nasjonalt register over verneverdige kulturlandskap (KULA) i Sogn og Fjordane (sjå kart lenger nede i artikkelen).
Føremålet med registeret er å gjere kommunane merksame på verneverdige verdiar i kulturlandskap dei forvaltar, slik at slike omsyn blir tekne ved utarbeiding av regulerings- og arealplanar. Skulle kommunane (og Statsforvaltaren) tillate planar som i vesentleg grad er i konflikt med dei kulturhistoriske verdiane ein søker å bevare, skal den regionale kulturmiljøforvaltninga (Vestland fylkeskommune, red. mrk) vurdere å fremme motsegn til planen, skriv Riksantikvaren.
Kva er Kulturlandskap av nasjonal interesse?
Slik presenterer Riksantikvaren ordninga på sine eigne heimesider:
Landskapet er som ei levande historiebok. Det fortel om liv og verksemd i Noreg slik det ein gong var, om endringar gjennom tidene, og om korleis det er i dag. Spora etter menneske finst overalt i landskapet – i det opne jordbrukslandskapet, i skog og mark, på fjellet og i byar og tettstader.
Landskapet har alltid vore i endring, men i vår tid skjer endringane så fort og i så stort omfang at viktige verdiar og ressursar står i fare for å gå tapt. Utfordringa er å forvalte landskap på ein måte som både bevarer det, sikrar ein formålstenleg bruk og vidareutviklar det i eit langsiktig perspektiv.
For å bidra til å ta vare på og opplyse om nasjonalt viktige landskap utarbeider derfor Riksantikvaren eit landsomfattande register: Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA). Dette er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet og blir gjennomført i nært samarbeid med regional kulturminneforvaltning og med involvering av kommunane. Med KULA-registeret signaliserer kulturminneforvaltninga tydeleg kva for landskap som har nasjonal interesse, og ønskjer med dette å bidra til ei meir føreseieleg arealplanlegging.
Gjennom arealplanlegging er kommunen den viktigaste forvaltaren av landskap. For å sikre at dei kulturhistoriske verdiane i landskapet blir tekne vare på, på ein best mogleg måte i planlegging og forvaltning, ers amarbeid mellom kommunane og regional kulturminneforvaltning viktig.
Høyringsutkastet blir sendt til kommunar, regionale og statlege styresmakter og til organisasjonar på fylkesnivå. Det blir sendt ut med eit høyringsbrev som gjer nærare greie for rammene for arbeidet og korleis vi ønskjer at registeret skal bli brukt som eit verktøy for god landskapsforvaltning.
Utkastet omfattar 21 landskap i tidlegare Sogn og Fjordane fylke som Riksantikvaren foreslår at skal inngå i KULA-registeret. To av landskapa omfattar òg areal i tidlegare Hordaland fylke, i Voss herad og i Ulvik herad.
Dokumentet er utarbeidd av Riksantikvaren med utgangspunkt i eit utkast som er skrive av Vestland fylkeskommune. På grunnlag av høyringa vil Riksantikvaren omarbeide utkastet til ein endeleg rapport. Høyringsutkastet er tilgjengeleg på Riksantikvarens nettside www.ra.no.
I Høyanger foreslår Riksantikvaren å innlemme eit område på 171 kvadratkilometer i registeret. Om området skriv Riksantikvaren m.a.:
«Området er eit framståande døme på eit heilskapleg industri- og vasskraftlandskap etablert i den tidlege og viktige perioden med kraftutbygging og kraftkrevjande industri i Noreg, og med vidare utbyggingar framover på 1900-talet. Samanhengen mellom landskapet, kraftanlegga og den kraftkrevjande industrien er svært lett lesbar. Vi kan her tydeleg sjå korleis naturtilhøva har gjort det mogleg å etablere ein tettstad på ein plass der det elles ikkje var naturleg å legge nokon tettstad. Området viser gangen i vasskraftproduksjonen frå regnet fell ned i fjella, oppsamling av vatn i magasina, røyrgatene med tilhøyrande installasjonar som fører vatnet ned til kraftstasjonane som igjen fører krafta til fabrikken og eksporten av aluminium ut i verda.»
Ingen vil bruke ordet «vern» eller «freding» om registeret, men det blir no likevel lagt ein del føringar på kva ein kan foreta seg i eit KULA-område.

Riksantikvaren vil ikkje sjå vindturbinar i deler av Snøheia vindpark-området

Kan Riksantikvaren stikke kjeppar i planane om vindkraft? Dette svarar dei
Mange føringar
Kva gjeld området i Høyanger skriv Riksantikvaren at
«Viktige punkt for planlegging og forvaltning av dette landskapet er:
- Omsynet til verdiane i landskapet bør vektleggast ved alle nye tiltak, slik som hyttebygging og reiselivsutvikling.
- Ved utviding og oppgradering av vasskraftanlegga er det viktig at ein også bevarer dei mest vesentlege elementa frå den tidlegare vasskraftutbygginga som til dømes røyrgatene med trapper og trallebaner og eldre kraftstasjonar, samt eldre infrastruktur i fjellet som dammar, vegar og lukehus.
- Ved damrehabilitering der ein må rive gamle dammar er det viktig at dei eksisterande vert godt dokumentert før riving. Der det er mogleg, bør gamle dammar bli ståande sjølv om ein bygger ein ny utanfor.
- Nye vasskrafttiltak bør tilpassast landskapet og i størst mogleg grad formast slik at viktige kulturhistoriske og landskapsmessige kvalitetar og samanhengar vert vidareført.
- Verneverdig bygningsmasse knytt til vasskraftutbygginga og stølsområda bør takast vare på.
- I fjellet er det mange sårbare kulturminne som det bør takast omsyn til ved ferdsel og bruk av fjell- og stølsområda. Fortsatt bruk av fjellet til beiting er viktig for å hindre attgroing.
- Ved ei eventuell oppgradering av eksisterande skianlegg bør ein ta omsyn til og tilpasse seg kulturminna og landskapet.
- Større planerings- og massefyllingstiltak som vil endre landskapet sin karakter bør unngåast. Mindre massefyllingar og jordforbetringstiltak bør tilpassast det omkringliggande landskapet.
- Vindkraftanlegg i KULA-området er ikkje foreinleg med bevaring av dei kulturhistoriske verdiane knytt til vasskraft og ein bør ikkje opne for etablering av dette innanfor KULA-området.»
På direkte spørsmål i Sunnfjord formannskap svarte seniorrådgivar i samfunnsavdelinga ved Riksantikvaren Mari Solheim Sandsund at vindmøller ville vere eit døme på tiltak som ein ville stille motsegn mot.
Overlappar vindkraft-området
Området Riksantikvaren vil innlemme i registeret omfattar ein sjettedel av arealet der Snøheia Vindkraft vil setje opp vindmøller.
Høyringsfristen er formelt ute, men Riksantikvaren har opna for «etteranmelde» høyringsuttalar, dersom kommunane ønsker å kommentere planane.
Høyanger kommune kunne altså ha valt å protestere mot planane, eller kommentere på enkeltpunkt kva gjeld forvaltninga som t.d. passasjen om vindkraft, men det har dei ikkje gjort, og det kjem dei ikkje til å gjere heller, ifølge ordførar Petter Sortland:
– Nei, vi kjenner til prosjektet, og viss ikkje andre stiller krav til at dette skal behandlast, kjem det ikkje til å bli tatt opp politisk i kommunen, seier Sortland.
Høyanger vil ikkje protestere
– Det kan tolkast som eit stilltiande samtykke?
– Det kan hende. Vi har jo kjent til denne planen lenge. Eg var til og med guide då Riksantikvaren og Statsforvaltaren sine folk var på synfaring i området. Området fortel jo mykje om vår nære industrihistorie.
– Men KULA vil jo øydelegge litt for planane om vindkraftverk på Snøheia?
– Det er eg ikkje så sikker på. Det er no berre ein temaplan. Men dersom Riksantikvaren meiner at han kan stoppe det, så er det ei anna sak.
– Men det står jo rett ut i teksten at dei ikkje vil ha vindmøller der?
– Det blir nok mange omsyn som skal takast om dette. Eg trur ikkje denne statusen er det som vil velte vindkraftplanane.

Han trur vindkraft er siste sjanse for verket i Høyanger
