FIRDAPOSTEN: – Eit uakseptabelt løftebrot for kyst-Norge, er styringsgruppa for Stad skipstunnel sin umiddelbare reaksjon på den for dei smått sjokkerande meldinga om at Knut Arild Hareide sin pengesekk er tom, og at han føresler null kroner til Stad skipstunnel i utkasta til statsbudsjett for 2021.
Måløy Vekst-sjef Randi Humborstad meiner null kroner til skipstunnelen er eit løftebrot på Nasjonal Transportplan, som er fullfinansiert i den gjeldande utgåva av Nasjonal Transportplan, vedteken av Stortinget. Det er også vedteke at sjølve byggestarten skal skje i innverande stortingsperiode som går ut i 2021.
Vanskeleg å skjøne
Men sjølv om samferdsleministeren overfor fleire medier i dag omtalar skipstunnelen som eit godt prosjekt, er det lita trøyst når det ikkje munnar ut i realpolitikk og pengeløyvingar.
– Vi synest det er uforståeleg at regjeringa ikkje har funne 60 millionar kroner til det einaste store investeringsprosjektet innanfor sjøtransport, seier styringsgruppa, som meiner det ligg ei klar nedprioritering av kysten i ei slik null-løyving.
Og det er kanskje eit godt poeng. Om ein samanliknar med kva Hareide og regjeringa er villige til å bruke på jernbane i sentrale austlandsområde, så er 32 milliardar kroner svært mykje pengar, samanlikna med null.
Lovnader frå Frp
No set Humborstad og andre forkjemparar si lit til at det politiske landskapet i Norge for tida er ein god arena å lobbyere i.
– Regjeringa er ei mindretallsregjering. Forslaget til statsbudsjett må difor ha støtte frå fleirtalet i Stortinget for å bli vedtatt. No må vi stole på at opposisjonen på Stortinget vil sikre fleirtal for å få Stad skipstunnel inn i statsbudsjettet og sikre byggjestart i 2021. Då er det positivt at tidlegare samferdsleminister Jon Georg Dale (FrP) i dag har signalisert til NRK Vestland at Frp lovar å få Stad skipstunnel inn i statsbudsjettet og sikre byggjestart i 2021, seier prosjektleiar Randi Humborstad.
