Ingen nye tilfelle av Covid-19 i vår region

DEL

Helse Førde melde laurdag kveld at dei har analysert 22 prøver siste døgnet, men ingen av dei testa positivt på koronavirus.

Det er i skrivande stund 50 personar med stadfesta smitte i Helse Førde sitt område. Ein av desse er innlagd på sjukehuset.

Sju personar er utskrivne etter behandling på sjukehuset.

Helse Førde melder også at to av deira tilsette er stadfesta smitta. Det er om lag 3000 tilsette i helseføretaket.

Så langt har Helse Førde analysert 2452 prøver.

Artikkeltags