Gå til sidens hovedinnhold

Ingen nye smittetilfelle

Oppdateringa tysdag morgon viser nok ein dag utan koronasmitte i Helse Førde sitt område.

Måndag analyserte Helse Førde 99 prøver. Ingen av desse var positive.

Det kjem også fram i oppdateringa tysdag at det ikkje er innlagde pasientar med bekrefta smitte, og det er heller ingen tilsette som er i karantene eller ute i sjukemelding grunna korona.

Helse Førde opplyser på sine sider at kommunane sjølv vel kor dei sender prøvene sine for analyse. Desse tala speglar av resultata til dei prøvane analysert ved Sentralsjukehuset i Førde, og er såleis ikkje nødvendigvis ei komplett liste.

Kommentarer til denne saken