Ingen nye smittetilfelle i Sunnfjord i helga

Fredag blei smitta nummer åtte i Sunnfjord registrert. Talet har stått stille i helga.

DEL

I Firdas dekningsområde er det no åtte kjente smittetilfelle i Sunnfjord, to i Høyanger, to i Gloppen og eitt i Solund kommune. Det er ingen kjente tilfelle i Gulen, Kinn, Fjaler, Askvoll eller Hyllestad kommune.

– Men vi veit om nokre fleire som vi er sikre på at er smitta, men som vi ikkje har testa. Desse har hatt direktekontakt med smitta og har dei same symptoma. Dei er elles friske, og derfor ikkje testa, seier Furnes.

På eitt døgn frå torsdag til fredag kveld, blei det påvist fire nye smittetilfelle i Sunnfjord. Det siste blei registrert fredag kveld, fortel kommuneoverlege Øystein Furnes.

Det er framleis ingen koronasmitta innlagt på sjukehus i Sunnfjord.

I gamle Sogn og Fjordane fylke er det testa rundt 1000 menneske. Tre prosent har testa positivt på koronaviruset, noko som er markant lågare enn landssnittet på fem prosent.

– Heile landet utanom Oslo og Viken har lege litt bak på smitte. Det er primært dei tre nordlegaste fylka som ligg best an, men Møre og Romsdal har også låge tal. Klarer vi å utsette virusspreiinga med nokre dagar eller veker, kjøper vi ekstra tid til oss i kommunen og helseføretaket, og den treng vi, seier Furnes.

Det bør nemnast at tala i denne saka er påviste smittetilfelle. Talet på faktisk smitta er sannsynlegvis ein god del høgare. Færre blir testa enn før, ettersom koronaspreiinga har nådd ein fase der testing av enkelttilfelle har mindre og mindre for seg.

– Det gjeld over heile landet. Vi må prioritere kven vi testar, seier Furnes.

Høie: Koronatiltaka blir truleg oppdaterte tysdag

Artikkeltags