Ingen nye smittetilfelle i Helse Førde sitt område

1 PERSON INNLAGT: Berre ein pasient er innlagt på Førde sentralsjukehus med koronasmitte.

1 PERSON INNLAGT: Berre ein pasient er innlagt på Førde sentralsjukehus med koronasmitte. Foto:

DEL

Så langt har 50 personar fått stadfesta COVID-19 i Helse Førde sitt område. Det er ingen nye tilfelle siste døgn, melder helseføretaket fredag kveld.

Siste døgn er 61 prøver analyserte, men ingen av dei viste smitte. Totalt er no 2430 personar i Helse Førde sitt område testa for COVID-19.

Ein pasient er innlagt på sjukehuset, men vedkommande får ikkje intensivbehandling.

Totalt har sju pasientar blitt utskrivne etter å ha blitt innlagt på grunn av korona.

Helseføretaket har fem tilsette som er heimeverande og sjukemelde på grunn av koronasmitte. To av dei om lag 3000 tilsette har fått stadfesta smitte, melder Helse Førde på heimesida si.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken