Ingen nye smittetilfelle i Førde

For første gong sidan tysdag er det ikkje registrert nye tilfelle av korona i Helse Førde sitt område.

DEL

Både onsdag, torsdag og fredag vart det registrert to nye tilfelle av covid-19 kvar dag i Helse Førde sitt område.

Laurdag vart det analysert 118 prøver. Av dei var ingen positive.

Det stadfestar kommunikasjonssjef Terje Ulvedal ovanfor Firda søndag morgon.

– Vi er sjølvsagt glade for at det ikkje er registrert nye smittetilfelle. Men det vil nok variere framover, seier Ulvedal.

Årsaka kan vere at det er færre som har testa seg, sidan det er helg, seier Ulvedal.

Seks tilfelle på ei veke

Fredag vart det analysert 274 korona-prøvar. To av dei var positive for covid-19.

Det var tredje dag på rad at det kom positive prøvar. Sidan onsdag er det påvist seks tilfelle av korona i Helse Førde sitt område.

Totalt har 60 personar no blitt smitta av viruset i det området som Helse Førde har ansvar for.

Helse Førde har for tida ingen innlagde pasientar med covid-19.

Artikkeltags