Gå til sidens hovedinnhold

Ingen nye smitta

Måndag vart det analysert 180 koronaprøver i Helse Førde.

Av desse var det ingen nye smittetilfelle.

Den offentlege statistikken til Helse Førde går tilbake éi veke, og måndag er første dagen det ikkje har kome nye smittetilfelle på dei sju dagane.

Vidare er det ingen pasientar som er innlagde på sjukehus med smitte.

Nokre kommunar vel å sende koronaprøvene til Haukeland universitetssjukehus. Eventuelle positive prøvesvar vil då ikkje komme med i Helse Førde sin statistikk, og det kan derfor framleis vere nye smittetilfelle i kommunane.

Les også

Smitten i Gloppen: Rundt 70 personar er i karantene og skal testast

Les også

Siste tilfellet i Sunnfjord: – Knytt til utanlandsreise

Les også

Etter eit smittetilfelle i Askvoll vart 32 elevar testa. No har kommunen fått svar

Kommentarer til denne saken