Måndag kveld kom det svar på omkring 20 prøver tatt i Selje.

Dette er andre dag utan ny smitte. Den førre dagen med smittetilfelle var laurdag, då prøveresultata synte fem nye smitta.

Prøvesvara frå måndagen viste derimot ingen nye tilfelle av korona.

17 nye personar vart testa måndag i Selje, og 45 Nordfjordeid. Svara på desse prøvene vil vere klare i løpet av tysdag kveld.

Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlege i Stad, oppfordrar framleis alle innbyggarar å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom.

Han anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør bli testa.