Gå til sidens hovedinnhold

Ingen nye positive koronaprøver

Laurdag analyserte Helse Førde 230 koronaprøver. Ingen av desse gav utslag for covid-19.

Sidan førre laurdag har 11 prøver vore positive. Gjennom den siste veka har laboratoriumet analysert heile 1799 koronaprøver.

Det er framleis éin innlagd pasient med stadfesta koronasmitte.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå Helse Førde sitt område.

Kommentarer til denne saken