Ingen nye påviste koronasmitta gjennom helga

DEL

Førre veke kom det seks positive koronaprøvar i løpet av tre dagar, onsdag, torsdag og fredag.

Måndag morgon er talet på koronasmitta i Helse Førde sitt område uendra frå fredag. Det vil seie 58.

Det blei analysert 118 prøvar på laurdag og 91 prøvar på søndag, men ingen av dei var positive.

Per dags dato er det ingen innlagde pasientar med koronasmitte i Helse Førde. Fire tilsette i helseføretaket har hatt stadfesta smitte.

Artikkeltags