Gå til sidens hovedinnhold

Ingen nye koronasmitta

Torsdag var det 150 personar som testa seg for koronaviruset. Av desse var det ingen nye positive resultat.

Det er framleis ingen pasientar innlagde med covid-19-smitte i Helse Førde.

Onsdag avdekka Helse Førde tre smittetilfelle.

Kommunane for prøvetaking av desse tre prøvane var Sogndal, Vik og Sunnfjord.

Øyvind Furnes, kommuneoverlege i Sunnfjord, fortalte i går at husstanden var sett i karantene og at smittesporinga var avslutta.

Sognal kommune har derimot ikkje lukkast å gjere rede for smittevegen.

Torsdag vart fleire nærkontaktar testa med hurtigtest. Førebels har dei ikkje avdekka nye smittetilfelle, men det står opplyst på kommunen sine heimesider at dei ventar svar på PCR-testane fredag ettermiddag.

Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå Helse Førde sitt område, men berre resultat frå dei prøvene som blir analysert ved Førde sentralsjukehus.

Les også

FHI ber Norge førebu seg på ein kraftig influensasesong

Les også

FHI ber kommunar avbestille vaksinar for å fristille fleire tusen dosar

Les også

Folk flyttar vaksinedato til etter ferien. No vurderer Sunnfjord kommune drop-in

Kommentarer til denne saken