Onsdag vart det analysert 345 koronaprøver i Helse Førde. Ingen av dei var positive, melder helseføretaket på sine heimesider.
Denne veka har Helse Førde så langt analysert 1010 koronaprøver, fem av dei har vore positive.
Det er ein pasient som er innlagd med stadfesta koronasmitte.