Det skriv Avinor i ei pressemelding.

Reisande på Oslo lufthavn Gardermoen og Bergen lufthavn Flesland får ikkje tilgang til banktenester frå og med søndag 1. mai.

Dette gjeld fram til ein dom i ein rettssak i Oslo byfogdembete, som ifølgje Avinor er venta å vere klar ein gong i andre halvdel av mai månad.

Nyleg gjennomførte nemleg Avinor ein anbodskonkurranse om banktenester på ein rekke norske flyplassar. Ein av deltakarane i denne konkurransen har tatt opp saka for byfogdembetet, som vil halde rettssak 10. mai.

Les også

Laurdag er siste dag med ambulansebåt i Askvoll: – Om det er forsvarleg, det som skjer? Det tvilar eg på