– Aller helst vil medlemane våre vere i klasseromma og ta imot elevane sine etter skuleferien. Men når KS vel å gjere lærarane i skulen til lønnstaparar for sjette år på rad har vi dessverre ikkje anna val, seier Utdanningsforbundets leiar Steffen Handal.
At streikeuttaket ikkje er større er eit klart signal om at forbundet bur seg på ein langvarig streik, seier han.
I dag har Utdanningsforbundet varsla KS om at lærarstreiken blir trappa opp med ytterlegare 1300 lærarar i 14 kommunar og ti fylkeskommunar frå måndag 22. august. Desse kjem i tillegg til dei 45 medlemane som vart tekne ut i streik i Bergen før sommaren.