Gå til sidens hovedinnhold

Ingen grunn til å legge vekk shortsen enno

Artikkelen er over 1 år gammel

Temperaturane kan nå 20 grader dei neste dagane. Men frå torsdag av er det slutt på moroa.

– Både i dag og i morgon er det venta ganske bra vêr, seier Cecilie Villanger, meteorolog i StormGeo til Firda måndag formiddag.

Vi kan glede oss over sol og ganske behagelege temperaturar, nokre stader kan temperaturen stige opp mot 20 grader, fortel meteorologen.

Store temperaturforskjellar

– Ingen grunn til å legge vekk shortsen, med andre ord?

– Ja, i dei lune områda kan nok det gå fint med shorts. Men vi får litt meir vind no enn vi fekk i helga, men samstundes er luftmassane som kjem inn ganske milde.

Onsdag kjem det inn litt skyer. I hovudsak kjem desse på kysten, og vinden kan kome opp i stiv kuling.

– Men i det store og heile blir også onsdagen ganske bra.

Når det er klarvêr både dag og natt, så vil også temperaturane søkke nattestid, seier Villanger. Dei vil ligge godt under 10 grader. Nokre stader kan dei også kome under 5 grader.

– Det vil kome ein del temperatursvingingar i løpet av eit døgn, noko som kan vere greitt å vere klar over, seier Villanger.

Vått og grått

Torsdag er det slutt på moroa.

– Det kjem inn ein front frå vest og det blir ein del gråvèr og regn. Dette vil prege resten av veka. Både torsdag og fredag blir ganske våte.

Også laurdag kan vi vente regnbyer, men er du heldig, kan det vere du slepp unna.

Temperaturane er også fallande og vil ligge mellom 10–15 grader.

Kommentarer til denne saken