Dei har lagt bak seg ei god oppkøyring i Austin, i Texas. Dit kom dei måndag 28. november. Dei reiste tidleg for å akklimatisere seg i høve tidssoner, sidan dei må krysse fem slike når ein reiser frå Norge til Colombia.

Ine Andersson skal løfte 8. desember og Marit Aardalsbakke 10. desember.

– Det har teke litt tid for meg å venne meg til denne tidssona, fortel Aardalsbakke på telefon.

– I starten sleit eg litt med koordinasjonen. Det tok nokre dagar, men det byrjar å komme seg no.

– Eg har hatt ei veldig god opplading. Det å venne seg til å reise over så mange tidssoner har gått overraskande greitt, seier Andersson.

Gler seg til å konkurrere på den store scena igjen

Andersson løftar truleg i A-gruppa, med dei beste utøvarane i vektklassen 59 kg.

– Kva er målsetjinga di?

– Det er vanskeleg å spå nivået i år. Dette er første kvalifiseringa til dei neste olympiske leikane. Dei har endra på vektklassane, slik at berre fem av ti vektklassar skal vere med i OL, seier ho.

Dermed kjem Andersson til å konkurrere mot løftarar som normalt løftar i klassane over eller under hennar.

– Klassen min ser tøffast ut på papiret. Den er veldig spissa, og har veldig mange løftarar.

Ho seier målsetjinga er å gjere sitt beste, og å sette personlege rekordar.

– Klarar eg det blir det også nordiske rekordar. Eg har lyst å prestere på topp, så får vi sjå kva det held til plasseringsmessig.

Rekordane hennar er 90 kg i rykk og 120 i støyt. Den siste deløvinga har ho tidlegare hevda seg sterkt i. Men ho er usikker på om det kan bli medalje denne gangen.

– Det blir nok tøft i år, seier ho.

Bogota ligg nemleg på ei høgslette. Det gir dei norske løftarane ein uvant konkurrent.

– Å konkurrere i høgda er eit nytt territorium for meg. Eg har heller ikkje reist så langt til ein stor konkurranse før. Det veit eg ikkje korleis eg kjem til å reagere på. Så lenge eg presterer mitt beste resultat er eg nøgd.

Håpar å løfte opp mot personleg rekord

Aardalsbakke løftar i klassen 64 kg, i B-gruppa, og har ikkje medaljemål.

– Eg konkurrer mot meg sjølv. Målet er å komme opp mot personlege rekordar. Eg har også slite nokre veker med ei skulderskade, men det byrja å komme seg no, seier ho.

Rekord for ho vil seie 95 kg i øvinga rykk og 112 kg i støyt. Ho har tre forsøk i kvar øving for å nå det.

– Om eg får fem-seks godkjente løft, og ein god konkurranse, så er eg nøgd, seier ho.

Skulderskaden er ei utfordring, ho nemner også dette med å krysse mange tidssoner og løfting i høgda som utfordrande.

– Og det veit eg ikkje korleis eg kjem til å reagere på, seier ho. .

– Dei ser skarpe ut

3. desember la Stian Grimseth, president i Norges Vektløfterforbund, ut på ei 12 timar lang reise med Andersson, frå Austin via Dallas til Bogota. Aardalsbakke reiste vidare dagen etter. Grimseth trur begge Tambarskjelvar-løftarene kjem til å gjere det bra.

– Dei ser skarpe og fine ut, og har hatt gode treningar. Ine har hatt mykje bra løfting og Marit ser sterk og god ut. Dei er godt budde, seier han.

Han fortel at Andersson vart Europameister i støyt i 2022 og nummer 4 i same øving under VM 2021. Og at det er ho som truleg kjem til å kjempe høgast på resultatlistene i VM:

– Ho er ein veldig god støytar. Det er framgang og utvikling som tel for ho, i høve dei kommande olympiske leikane. Eg håpar både ho og Marit får til det dei er gode for, seier Grimseth.

Grimseth seier at dei har lagt opp førebuinga slik at løftarane skal vere best mogleg rusta for det som ventar i hovudstaden i Colombia.

– Vi har brukt fem-seks dagar her i Texas for gjere dei siste førebuinga. Ein kan ikkje reise opp i høgda for tidleg, seier han.

Grimseth seier dei i samarbeid med Olympiatoppen har lagt ein plan:

– Ein bør ha tre-fire dagar før ein skal konkurrere for å venne seg til høgda: Ein føler seg ofte litt uvel i starten. Og blir ein for lenge slit det også på kroppen. Dei er godt førebudde, så då handlar det om å gjere innspurten skikkeleg også. No blir det mindre trening siste veka, for å samle overskot.

Vart naustedøl på heiltid

Andersson kjem frå Askim, men har lenge løfta for Tambarskjelvar.

Etter å ha jobba nokre år i Dubai, flytta ho også til Naustdal, der ho har kjøpt seg hus. Det står klart i 2023.

– Det er lenge sidan eg vart med i Tambarskjelvar, så i høve vektløfting har eg lenge hatt tilhøyr til Naustdal. Eg flytta fordi det er eit veldig godt miljø for vektløfting der, som er viktig å ha rundt seg når du satsar, seier ho.

Og det kan ein trygt seie ho gjer: Det blir mellom seks til tolv økter trening kvar veke.

– Kvar er halvanna til to timar lang, seier ho.

Når jo ikkje trener, er det jobb som gjeld.

– Eg fekk meg jobb i brannvesenet i Sunnfjord kommune, som brannførebyggar og til tider feiar, seier ho.

– Korleis er det kombinerer ein fysisk jobb med så mykje trening?

– Eg går mest tilsyn, så eg merkar ikkje så mykje til det. Du kan ikkje ha ein fysisk krevjande jobb når du skal satse på vektløfting, då hadde det blitt vel tøft på trening, seier ho.