Konkurranse skapar gneistar

    Artikkelen er over 4 år gammel

    Gneistane fyk i alle retningar, og konsentrerte fingrar sklir over metallet. Det er meisterskap for yrkesfag på Mo og Øyrane vgs.

    DEL

    – Det er draumejobben min å drive med sveising. Eg håpar eg ikkje kjem sist i dag, smiler Ole Andreas Hermansen Stegegjerdet medan han ser utover sveisehallen som blinkar i gult og blått sveiselys.

    Konsentrerte elevar står med sveisehjelmen trekt ned framfor ansiktet. Dei vil alle vinne den gjæve prisen om å bli best i sitt fag. I hallen på Øyrane vgs. heng lukta av svidd metall, blanda med nysteikte vaflar. Spente, lovande sveisarar ventar på at det skal bli deira tur til å vise kva dei kan. 

    Best i sitt fag

    For første gong vert det arrangert meisterskap i industriteknologi i Sogn og Fjordane. Før denne tevlinga har det vore eigne konkurransar på skulane i fylket som har industriteknologiske yrkesfag. Dei beste frå seks skular møttest i går til finale.

    – Yrkesmeisterksap er svære greier. Det er 70 land i verda som er med og konkurrerer, fortel Jorunn Eide Kirketeig, som er dagleg leiar på opplæringskontoret for industri- og teknologifag i Sogn og Fjordane. Ho trur at det er viktig for elevane sin motivasjon å ha ein slik konkurranse.

    – Dei som utdannar seg innan desse faga. har stor konkurranse frå heile verda. Eg trur at denne konkurransen er med på å skape ein gneiste hjå elevane, og er med på å få kompetansen opp, seier Kirketeig.

    Har brent seg før

    Ole Andreas Hermansen Stegegjerdet går første året på linja teknisk industriell produksjon på Sogndal vgs. Han har for augneblinken utplassering på Luster Mekaniske i Gaupne der han lærer seg meir om sveising. Han håpar å nå langt i konkurransen.

    – Eg har alltid vore glad i å sveise. Eg har fått prøve det heime då eg vaks opp, seier han medan han skyl røyret han nettopp har sveisa under kaldt vatn.

    – Eg har brent meg på desse før, så no har eg lært, ler han.

    Den unge sveisaren ønsker å få seg jobb på Luster Mekaniske og har planar om å gå andre året på sveising på Øyrane.

    – Det hadde sjølvsagt vore kjekt å bli ein av dei beste i dag, seier han.

    Vert testa under press

    Sveisar og lærar på Mo og Øyrane vgs, Rolf Helge Myren, meiner at konkurransen er veldig bra for elevane, og at dei kan lære mykje av det.

    – Det er kjekt å kunne vise til at ein har blitt kåra til den beste sveisaren i skulesamanheng i fylket når ein skal søke jobb. Samstundes trur eg at ein lærer korleis det er å jobbe under press. Det er strenge krav til ein sveisar, og ein må stadig gjennom testar i arbeidslivet. Dette er ein god sjanse til å teste nervane, seier han.

    Vinnarane i dei tre tevlingane i industriteknologiske fag vart Christer Rambjørg (sveis vg2), Kristian Tonheim (maskinering), Chris Andrian Kalvøy Steinsvik (industrimekanikar) og Håvard André Hundvik (sveis vg1).

    Tevling i anleggsteknikk på Mo

    På vg 2 anleggsteknikk på Mo vart det også tevla i yrkesfag tysdag. Her var det ein tredelt konkurranse der kvar deltakar måtte gjennom fleire utfordringar.

    – Elevane køyrde med hjullastar i ei merkt løype. Dei hadde eit oljefat og ei bøtte med vatn ståande i skuffa. Det vart tillegg i tid for kvar liter dei sølte vekk på turen. Deretter måtte dei køyre dumper i ei merkt løype med tillegg i tid dersom dei var i kjeglene som var sett opp. Med gravemaskin hadde dei ei presisjonskøyring, der ein skulle treffe med lodd ned i sylinder. Gravemaskinøving to var lagarbeid der dei skulle plassere ein kum etter oppgitt kote-høgde, fortel Jan Erik Øygard, som er dagleg leiar for opplæringskontoret for anlegg og bergfaga.  

    Tevlinga på Mo var også ein del av fylkestevlinga, men den andre skulen i fylket som har anleggsteknikk, Sogndal vgs, kunne ikkje komme. Difor vart dei ei intern konkurranse mellom elevane på linja på Mo.

    Endå større neste år

    – Neste år vil vi gjere fylkeskonkurransen endå større. Då vil vi også invitere ungdomsskuleelevar, seier Øygard.

    Slik vart plasseringane: 1.plass Niklas Våtevik, 2.plass Jakob Reksten Fjærestad og 3.plass Kjetil Merkesdal Nedreberg.

    Artikkeltags