Toro kallar tilbake seks ferdigrettar

KALLAR TILBAKE: Desse produkta kallar Orkla Foods tilbake.

KALLAR TILBAKE: Desse produkta kallar Orkla Foods tilbake. Foto:

Av

Orkla Foods Noreg kallar tilbake seks ulike Toro Ferske Ferdigretter på grunn av kvalitetsavvik på smak.

DEL

– Vi har dessverre oppdaga eit smaksavvik på nokre av våre ferdigrettar. Dette kjem av ein feil i produksjonen, og er sjølvsagt noko som ikkje skal skje. Det medfører likevel ingen helserisiko å ete produkta, men vi ønsker alltid å levere produkt av beste kvalitet, seier administrerande direktør Paul Jordahl i Orkla Foods Noreg.

Tilbakekallinga gjeld berre produkt som er merkte med «Siste forbruksdag» desse datoane:

Toro Creamy Carbonara, Siste forbruksdag: 07.05.2019

Toro Fiskegrateng, Siste forbruksdag: 08.05.2019

Toro Mac'n’Cheese, Siste forbruksdag: 14.05.2019

Toro Risgrøt, Siste forbruksdag: 15.05.2019 og 16.05.19

Toro Sweet Potato Lasagne, Siste forbruksdag: 15.05.2019

Toro Lovely Lasagne, Siste forbruksdag: 15.05.2019

Orkla Foods Noreg tilrår at produktet blir kasta. Dei som ønsker å få varet erstatta, kan ta kontakt med Orkla’s forbrukarservice for å få vara erstatta.

Artikkeltags