Gå til sidens hovedinnhold

Meiner Engebø-måling må få konsekvensar

Over 60 prosent i Sunnfjord seier nei til sjødeponi

Artikkelen er over 6 år gammel

– Meiningsmålinga bør vere eit sterkt signal for dei politikarane som no skal ta ei avgjerd, seier leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.

Han peikar på at det i fylket er over 50 prosent som er mot sjødeponi. I Sunnfjord er talet over 60 prosent. (Sjå graf under artikkelen.)

Dei som er for sjødeponi, eller for gruvedrift uansett deponeringsmetode, ligg under 25 prosent på begge målingane.

– Motstanden er massiv mot å bruke fjorden som sjødeponi, seier han.

Folkemeininga og landdeponi

– Kor mykje bør folkemeininga ha å seie i ei slik sak?

– Fleire meiningsmålingar viser fleirtal mot sjødeponi. Det må vere ein av tinga som er med å avgjere, men tyngst må kunnskapen vege, seier Haltbrekken og viser til det han meiner er tydelege frårådingar frå Miljødirektoratet, Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet.

Om vi legg saman tala for dei som ønsker gruvedrift anten med sjødeponi, landdeponi, eller uansett, får vi om lag 50 prosent som er for gruvedrifta totalt sett, men som er usamde om deponeringsmetode.

– Kva tenker de om gruvedrift med landdeponi?

– Då må ein ugreiie det, men Nordic Mining har sagt at eit krav om landdeponi gjer det uaktuelt å sette i gang, derfor har kampen stått om sjødeponi, og der er det eit klart fleirtal som ikkje vil bruke fjorden som avfallsplass.

Miljøansvar

Nyleg vart det kjent at titansmelteverket i Tyssedal skal auke importen av titanråstoff frå Afrika. Dette verket kan uansett ikkje bruke råstoffet frå Engebø, men produserer tilsvarande produkt.

– Kan vi godta at det blir utvinne mineral i land som har mindre strenge miljøreguleringar, men ikkje vårt nærområde?

– Norge har allereie stor titanproduksjon i Titania, men det er klart at vi også må ta ansvar for den omsynslause gruvedrifta andre stader i verda. Vi kan bidra med vår kompetanse, men det er ikkje argument for å øydelegge ein rein fjord, seier Haltbrekken.

Grafen under viser tala frå undersøkinga som vart gjort av InFact for Firda.

Kommentarer til denne saken