Gå til sidens hovedinnhold

Industri og klima. Dette får vi til saman

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Klimaendringane er vår tid si store utfordring. Det krev eit sterkare leiarskap. Framfor å dyrke forskjellane mellom industrien og miljøbevegelsen, må vi heller foreine kreftene. Nøkkelen finn vi her på Vestlandet.

Heilt sidan slutten av 1800-talet har industrien vore synonym med den sosialdemokratiske bevegelsen og det organiserte arbeidslivet. Her i landet valde vi å satse på teknologi og kompetanse framfor snarvegar og dårlege lønningar. Lagspelet med Fagbevegelsen har vore avgjerande. Det er viktig å ha med seg i møte med vår neste prøvelse.

Klimaendringane er vår tid si store utfordring, og vi treng eit fleirtal som har sterkare ambisjonar enn dagens regjering. Ikkje minst krev alvoret at vi får bukt med polariseringa i klimadebatten. Framfor å dyrke avstand mellom klimastreikande og industrien, må vi heller foreine kreftene. Satse på tiltak som verkeleg monnar, og som inviterer alle til å vere med.

Havvind på norsk sokkel kan bli eit nytt industrieventyr. Vi har allereie verdas dyktigaste fagfolk innan offshoreteknologi og alle føresetnader til å bli ein stor produsent av havvind i heile verdikjeda. Det må gjerast i samspel med både marint og maritimt næringsliv. I løpet av dei neste tiåra vil det vere fullt mogleg å nå 10 prosent av den globale havvindmarknaden med ei omsetning på over 50 milliardar kroner, men då må vi våge å satse no.

Nullutslepp krev ambisjonar, og det er på tide at vi får ein plan for tungtransport og skipstrafikk. Det same kan vi få til på norsk sokkel. Oljebransjen har saman med LO og NHO no lansert ein plan som skal nå nullutsleppsmålet innan 2050. Dette er mogleg dersom vi stiller opp med rammevilkår som gjere at næringslivet vårt får vere med. Då må vi bruke dei økonomiske musklane våre på å bidra i omstillingsindustrien.

Fangst og lagring av CO₂ er mogleg! Framfor å la utsleppa frå sementproduksjon, avfallsforbrenning og industripiper stige opp i atmosfæren, er det mogleg å lagre karbonet trygt 3000 meter ned i sokkelen vår. Fangst og lagring av karbon vil vere eit betydeleg grep for å få ned utsleppa våre, og kan på same tid føre med seg ny aktivitet og teknologiutvikling.

Fellesskapet vårt sit på enorme ressursar som vi forvaltar og investerer. Her kan vi dreie rattet med å sette meir av midlane inn i fornybar energi. Måten vi brukar 10.000 milliardar kroner på har politisk betydning. Vi kan gå i front for å bruke offentleg innkjøp til å skape marknader for berekraftige produkt og tenester.

Dette krev eit sterkare leiarskap. Enten så lukkast vi med å få ned utslepp og skape nye jobbar på vestlandet, eller så lukkast ikkje Noreg. Her ligg mange av løysingane for Vestlandet, men også for store delar av Noreg.

Kommentarer til denne saken