Éin person er send med ambulanse for sjekk på sjukehus etter ein frontkollisjon i Hyllestad laurdag ettermiddag.

Naudetatane rykte laurdag ettermiddag ut til eit trafikkuhell på fylkesveg 5650 Lifjordvegen ved Lireid mellom Hyllestad og Risnes. Det melde Vegtrafikksentralen Vest klokka 13.39.

Vest politidistrikt opplyste at to personbilar har kollidert front mot front. Det skal ha vore tre personar involverte.

– Ein person er tatt med til sjukehus for sjekk, men alle dei involverte var vakne og medvitne etter ulykka, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen laurdag ettermiddag.

Kollisjonen har ifølge politiet skjedd i ein sving der vegen er så smal at det ikkje er plass til to bilar i breidda. Bilane skal ha hatt låg hastigheit då dei kolliderte, men ingen av bilane er køyrbare etter samanstøyten.

Bilane stod klokka 16.00 i ei lomme ved ulykkesstaden og skulle hentast av bilbergar.

Ifølge Dahl-Michelsen skal den som sat bak rattet i den eine bilen ha drive med øvingskøyring. Personen som var i bilen saman med denne, som då vert rekna som førar av bilen, skal ha gitt lågt utslag på alkometeret. Vedkommande blir tatt med for blodprøvetaking, opplyser Dahl-Michelsen.

Like etter klokka tre var vegen open igjen for fri ferdsel, melde Vegtrafikksentralen Vest.

Har du informasjon eller bilde frå staden? Del det gjerne med oss her.