Gå til sidens hovedinnhold

Éin smitta knytt til sjukeheim i Gulen

Onsdag 25. august fekk Gulen kommune stadfesta eitt nytt smittetilfelle.

– Vedkommande er ikkje definert som nærkontakt, men kontakt, av smitta bebuar ved Eivindvik bu- og omsorgssenter.

Det melder Gulen kommune på heimesida si.

Smittevegen er kjend, og smittesporinga blei gjennomført tysdag kveld. Nærkontaktar og kontaktar skal ha blitt testa onsdag.

Det var førre laurdag ein bebuar ved Eivindvik bu- og omsorgssenter testa positivt for covid-19.

Les også

Ny smitte i Sunnfjord – smitteveg frå Oslo

Les også

Fire smitta i Sunnfjord. No ventar kommunen svar på 45 hurtigtestar

Les også

Fem nye smittetilfelle – smitte avdekt i to kommunar