Gå til sidens hovedinnhold

Éin ny smitta i Sunnfjord

241 testa seg tysdag.

Tysdag analyserte Helse Førde 241 koronaprøver. Blant dei var éin av prøvane positiv for koronaviruset.

Ifølge helseføretaket vart den positive prøven teken i Sunnfjord kommune. Dette betyr likevel ikkje at vedkommande bur i kommunen.

Også måndag var det eit nytt tilfelle i Sunnfjord kommune. Ein person på besøk frå Oslo testa positivt og åtte personar vart sett i karantene.

Dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå Helse Førde sitt området, men berre resultatet frå dei prøvene som dei sjølv analyserer.

Les også

Besøk frå Oslo testa positivt – åtte i karantene

Kommentarer til denne saken