Gå til sidens hovedinnhold

Éin ny person har testa positivt i Stad

Personen skal allereie ha vore i ein husstand med andre smitta.

Søndag kveld melder Stad kommune i ei pressemelding at dei har fått svar på eit seint innkome prøvesvar frå fredagens testing.

Dette syner at ytterlegare ein person har testa positivt for covid-19. Dette gjer no at det totale talet smitta personar i kommunen er 32. Alle desse 32 smittetilfella skal vere kopla til kvarandre.

Ingen nye nærkontaktar

Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld fortel at det nye smittetilfellet ikkje utløyser nokon nye nærkontaktar, ettersom den smitta allereie var i ein husstand med andre smitta.

Husstanden skal også vere under oppfølging frå smittesporingsgruppa i kommunen.

Kommuneoverlegen melder vidare at alle som har fått påvist covid-19 dei siste dagane, allereie har vore kartlagde av smittesporingslaget og var i karantene då dei testa positivt.

–Talet på nye nærkontaktar utanfor husstandane har vore svært lågt. Trass i omfattande testing av personar i lokalmiljøet som har symptom på sjukdom, har ein i veka som gjekk ikkje påvist smittetilfelle som ikkje kan relaterast til tidlegare smitta. Det er eit uttrykk for at det omfattande smittesporingsarbeidet med kartlegging av nærkontaktar, karantene og testing har gitt god oversikt over situasjonen, og at ein kan komme til å sjå slutten på utbrotet i dagane som kjem, seier han.

Vil kunne komme meir smitte, men har kontroll

Kommuneoverlegen reknar med at ettersom ein del av dei smitta har husstandsmedlemmar som framleis vil ha ein viss kontakt med den smitta, så er det venta at det vil kunne komme nye smittetilfelle i veka som kjem.

Dette vil då vere godt kontrollert og ikkje føre til smitterisiko utanfor husstanden sidan desse personane har vore i karantene over tid.

Relatert utbrot i Volda

Kommunen melder også om at det for tida er eit utbrot med covid-19 i Volda kommune. I samband med dette utbrotet er det éin nærkontakt i Stad kommune. Denne personen er i karantene og vart testa første gong laurdag.

– Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom i veka som kjem, seier kommuneoverlegen.

Helse Førde avdekte 9 positive prøvar laurdag

Les også

Åtte nye smitta i Stad

Kommentarer til denne saken