Gå til sidens hovedinnhold

Éin ny koronasmitta

Søndag analyserte laboratoriet ved Førde sentralsjukehus 118 koronaprøver.

Éi av desse prøvene gav utslag for covid-19. Den positive prøva er tatt i Sogndal kommune.

Det er per no ingen innlagde pasientar ved sjukehusa med stadfesta koronasmitte.

Kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.