Gå til sidens hovedinnhold

Éin ny koronasmitta

I helga analyserte Helse Førde til saman 358 prøver. Av desse var det éi prøve som gav utslag for covid-19. Denne prøva vart analysert fredag.

Helse Førde opplyser ikkje kvar prøva er teken.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei vil sende koronaprøvene. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå Helse Førde sitt område, men berre resultat frå dei prøvene som blir analysert ved Førde sentralsjukehus.

Kommentarer til denne saken