Gå til sidens hovedinnhold

Éin ny koronasmitta

Tysdag blei 224 koronaprøver analysert ved laboratoriet i Førde. Av desse var det éi prøve om gav utslag for covid-19.

Prøva er tatt i Kinn kommune.

Kjell-Arne Nordgård, kommuneoverlege i Kinn, fortel at personen ikkje lenger er i Norge.

– Det gjeld ein tilsett på eit skip som låg til kai i Florø. Personen skal ha vore sjuk og i isolasjon inne på skipet, seier han.

Kommunen vil ikkje drive vidare smittesporing eller behandling, då det ikkje har vore kontakt mellom folk på skipet og folk på land. Skipet forlét kai etter nokre timar, og er no i utlandet.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei vil sende koronaprøvene. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå Helse Førde sitt område, men berre resultat frå dei prøvene som blir analysert ved Førde sentralsjukehus.

Les også

Regjeringa utset trinn 4 i gjenopningsplanen – justerer trinn tre

Les også

Regjeringa vurderer vaksine til 16- og 17-åringar – endeleg avgjerd i september

Kommentarer til denne saken