Gå til sidens hovedinnhold

Éin ny koronasmitta

Onsdag blei 193 koronaprøver analysert ved laboratoriet i Førde. Av desse var det éi prøve som gav utslag for covid-19.

Prøva er tatt i Sogndal kommune.

Smittevegen er kjend, og skal vere frå Bergen. Det er ingen nye nærkontaktar i kommunen knytt til dette smittetilfellet. Kommunen melder at vedkommande sit i isolasjon.

Sidan søndag har tre personar blitt innlagd på sjukehuset med koronasmitte. Torsdag morgon melder Helse Førde at det framleis er to personar innlagd.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei vil sende koronaprøvene. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå Helse Førde sitt område, men berre resultat frå dei prøvene som blir analysert ved Førde sentralsjukehus.

Les også

Ung person innlagd med korona

Les også

Dale om den nye smitten: – Vi har full kontroll

Les også

Person i Stad sat allereie i karantene

Kommentarer til denne saken