Onsdag ettermiddag vart 27 personar testa for covid-19 på Nordfjordeid i Stad kommune.
Torsdag kveld kom alle prøvesvara.
Av desse var det avdekt éin positiv prøve, melder kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i ei pressemelding.
Personen var allereie i karantene på grunn av kjent smitte i husstanden til vedkommande. Det er derfor ingen nye nærkontaktar.
Torsdag morgon var det meldt om eit nytt koronatilfelle i kommunen, men no er det altså totalt to nye smittetilfelle.

Les også