Gå til sidens hovedinnhold

Éin koronasmitta i Gloppen

Éin person har testa positivt for koronaviruset i Gloppen kommune. Det skriv ordførar Leidulf Gloppestad i ei pressemelding.

Vidare står det skrive at vedkomande er kjent nærkontakt og var allereie i karantene når vedkomande testa positivt.

– Vedkomande er nærkontakt til smittetilfellet som var kjent førre veke, seier Gloppestad til Firda.

Nærkontaktane er allereie kartlagt og sett i karantene. Dei vert følgt opp av kommunen sitt helsepersonell og vil verte testa i karanteneperioden etter gjeldande retningslinjer, seier han.

– Forventer de fleire tilfelle?

– Det er vanskeleg å seie. Det var elleve nærkontaktar etter smittetilfelle førre veke, der alle vart sett i karantene og testa. Og så dukka dette opp. Det er difor viktig å legge ned mykje arbeid i smittesporing og kartlegging av nærkontaktar, og sette folk i karantene så raskt som mogleg i tilfelle det kjem fleire tilfelle seinare.

Han rosar smittesporingsteamet og seier dei har gjort ein god jobb.

– Vi føler vi har god oversikt over situasjonen, seier han.

Les også

Ny smitte i Gloppen – fleire skal testast

Les også

Gode tal etter gårsdagens koronatesting