Éin koronasmitta er heimehøyrande i Gloppen

Personen er sett i isolasjon og familien i karantene.

DEL

Éin person i Gloppen er påvist smitta av covid-19, og dette blir sett i samband med smitteutbrotet ved Nordfjord sjukehus, skriv Firda Tidend.

Dette vert stadfesta av ordførar Leidulf Gloppestad.

– Personen er sett i isolasjon og familien i karantene, og desse blir følgde opp av helsepersonell, fortel han til avisa.

Det er sett i gang smittesporing, og ordføraren har kontakta Helse Førde for å gi prøvane frå Gloppen prioritet no når det er påvist smitte i kommunen.

Artikkeltags