Onsdag kveld hadde Up ein fartskontroll på fv. 609, i 60-sona i Holmedal i Askvoll kommune.
Her vart det ikkje teke mange. Faktisk berre éin sjåfør måtte sjå seg sjølv bli vinka inn, etter at lasermålaren synte for høg fart.
Denne sjåføren vart målt til 67 km/t og fekk med det eit forenkla førelegg på 2.250 kroner.
Holmedal var heller ikkje einaste staden Up var på plass denne dagen. Dei hadde også ein ruskontroll i Dale sentrum.
Her bles alle dei 11 som vart stoppa grønt.
Les også
Mistenkte høg fart på veg til ferjekaien. Det synte seg å stemme
Les også
Begge bles raudt i kontrollen. Begge kom frå Hordaland

Les også