– Trass høge tal er dette lågare enn vi har målt fleire gonger tidlegare. Dette kan kome av at enkelte byrjar å venje seg til den nye koronakvardagen, og ikkje minst at mange såg fram til påske. Sjølv om påsken ikkje vart optimal i år, har den nok snarare hjelpt enn svekt den psykiske helsa i nasjonen, seier seniorrådgivar Ola Gaute Aas Askheim i Opinion.

53 prosent av dei spurde opplever ikkje kvardagen som psykisk belastande, medan 22 prosent svarte verken eller.

På spørsmålet om totalsituasjonen er bra eller dårleg, svarer 70 prosent at han er bra. Berre 6 prosent svarer at det går dårleg.

(©NPK)