Gå til sidens hovedinnhold

– Ikkje mykje vi kan gjere

Enorme mengder med is i Breimselva har ført til at vatnet renn utover Reed Camping på Breim.

For abonnentar

– Det er ikkje mykje vi kan gjere no. Vi har vore i kontakt med NVE.

Det sa brann- og beredskapssjef Runar Kleppe i Gloppen kommune litt over klokka fire onsdag ettermiddag.

Han var sjølv til stades på Reed Camping og var med å evakuere campingvogner som stod i fare for å bli skada av vassmengdene.

Like over 17.00 løsna isproppen, og situasjonen er no avklara.

Store mengder is på plassen

– Det ser ikkje ut som at det har kome vatn inn i vognene, men vatnet står heilt opp under hjulbuene til nokre av vognene, sa han til Firda medan det heile stod på.

Han fortalde at store mengder is tetta elveutløpet som igjen førte til at vatnet rann utover heile området til campinga.

– Kva skal de gjere vidare?

– Det er ikkje mykje vi kan gjere. I kanten av plassen er det farleg å gjere noko. Det er så mange meter med is her og byrjar ein å grave på isen risikerer vi at det kjem meir is over på plassen. Vi får berre håpe at det byrjar å renne frå iskanten og nedover og at det byrjar å løyse seg opp.

Les også

– Vatn renn utover heile campingplassen

Vil følge situasjonen

Inge John Johnsen eig og driv Reed Camping. Han er fortvila over situasjonen, og meiner kommunen burde har rydda i elveløpet for lenge sidan.

Til det svarar Kleppe at det er NVE som har ansvar for elveforbygging.

– Eg skjøner godt at han er fortvila. Under storflaumen stod plassen under vatn, så eg skjøner at det er ein fortvilande situasjon.

– Er det andre stader som òg står i fare?

– Akkurat denne isblokka har råka campinga.

Han fortel at kommunen kjem til å følge med på situasjonen og korleis det utviklar seg vidare.

Bildeserie

Sjå vatnet fosse innover campingplassen

Kommentarer til denne saken