Gå til sidens hovedinnhold

Ikkje for seint å snu

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I september 2018 la Statens vegvesen (SSV) fram sitt forslag til brukryssing ved Førdehuset, nemleg alternativ 1 av totalt 4 alternativ.

For dei fleste av oss var dette brutalt, og også kommunestyret fekk den store skjelven og bad prompte SVV å legge vekk dette forslaget og heller finne ei skånsam løysing for brufeste mellom fotballbana og Laksen. Etter 2 år med utgreiing av ulike alternativ i dette området viser det seg at alternativa i dette området er vel så brutale som SVV sin favoritt, nemleg alt. 1 framfor Førdehuset.

Det er difor på tide at Kommunestyret ber Førdepakken/SVV å gå tilbake til å arbeide vidare med løysinga framfor Førdehuset. Politikarane bør no legge all prestisje tilsides og innsjå at alternativ 1 kanskje ikkje var så verst likevel. Samtidig får ein her ein gyllen anledning til å spøte opp att heile området framfor Førdehuset, det trengst! Vegen fram til ferdig bru er like kort frå dette alternativet (har eg fått bekrefta) som frå dei nye alternativa 5 og 7, kanskje til og med kortare. Og ikkje minst: Dette er det einaste alternativet som er innanfor budsjettet i Førdepakken. Ved å gå for dei andre alternativa (5 og 7) bør jo politikarane då også peike på kva andre tiltak i Førdepakken det skal gå utover. Kanskje er det til og med slik at det billegast brualternativet medfører at brua mot Halbrendsøyra kan realiserast! Fordelane med alternativ 1 er mange og desse har SVV gjort grundig greie for i sin rapport frå september 2018. Eit nytt moment er også at aktiviteten på fotballbana kan flyttast til den nye bana på Halbrend og det ledige arealet ved Førdehuset dermed kan utviklast med ny festplass, arrangementsarena, park, aktivitetsanlegg, parkering eller kva det måtte vere.

Det er heilt legitimt at fotballmiljøet kjempar for fotballbana. I eit demokrati er dette eit berande element. Men dei folkevalde sitt ansvar er å ta ei rett avgjerd på vegner av almennytten. I slike avgjerder må særinteressene vike. Det er ingen småby/tettstad i Norge som prioriterer 4 store fotballbane midt i sentrum, tvert om blir treningsbaner søkt lagt ut av sentrum. Etter at Hafstadparken vart bygd tenkte mange at bana ved Førdehuset kan frigjerast til anna bruk, det er jo kommunen som eig den. At vernet av denne fotballbana skal øydeleggje og fordyre ei god fellesløysing er jo, med respekt å melde, direkte uhøyrt. Det er dette som er folkemeininga i Førde.

Om det likevel blir slik at det står mellom alternativ 5 og 7 i kommunestyret den 10. desember er det å håpe og be om at alternativ 5 blir valt. Argumentet for alt 7 er berre og blott at det bergar fotballbana. Men idrettslaget har også ei forventning til at kommunen rehabiliterer denne bana og også utvidar den med 4 m på tvers og 5 på langs. Denne utvidinga er det ikkje tatt høgde for i alternativ 7. Då er ein kanskje like langt her? Også alle dei andre elementa i dette alternativet drar ned denne løysinga.

Eg meiner at nettopp Laksen er vårt «minste felles multiplum» i Førde, ein identitetsberar som alle vi som bur her har ein like stor del av, noko som foreinar og noko som ingen andre har. Ein kan jo berre førestille seg for eit omdømmetap det vil vere om laksen blir fjerna! Det er faktisk slik at kvar gong eg går forbi Laksen tenker eg på Kong Haakon sitt postulat «Jeg er også kommunisternes Konge» og slik er det med Laksen også; den er likeverdig for oss alle, Gud Bevare Laksen!

Lukke til politikarar!

Les også

– Vi kan ikkje ofre folkehelsa

Les også

Laksen eller kunstgrasbana? Kva seier du?

Les også

Hans Jakob hevdar politikarane bøyer seg for fotballen: – Veldig trist

Les også

– Bilfolket har erobra sentrum, sa Jørn (75) då han skapte Laksen. No har bilane overkøyrt kunstverket

Les også

La Laksen på Festplassen i Førde vere i fred

Kommentarer til denne saken