3. desember er FNs internasjonale dag for funksjonshemma. Dagen markerast for å understreke retten til at funksjonshemma får mogelegheit til å delta i alle delar av samfunnet, både politisk, sosialt, økonomisk og kulturelt.

NAV hjelpemiddelsentral ønskjer å vere med å bidra til å gje menneske med nedsett funksjon ein moglegheit til å delta i samfunnet på lik linje med andre. Dessverre opplever vi alt for ofte at dei som ønskjer å vere i arbeid ikkje får denne moglegheita.

Det handlar om menneske som har mykje å bidra med, men som diskriminerast fordi dei har ein eller annan nedsett funksjon. Det kan vere nedsett høyrsel, nedsett syn, kognitive vanskar eller nedsett rørsle. Det kan vere ungdom med ADHD, psykiske vanskar eller autistiske diagnosar. Kjenneteiknet er at dei alle saman har noko å bidra med, men dei får ikkje alltid mogelegheita til å vise kva dei kan.

For oss som har ein jobb å gå til veit kor viktig fellesskapet saman med kollegaer og andre er. Arbeid gjev meining, stabilitet og tryggleik.

Kvifor kan vi ikkje gje menneske med nedsett funksjon det same fellesskapet?

Handlar det om frykt for at produktiviteten ikkje vil vere høg nok? Er det redsel for å få auka utgifter? Kan det vere manglande forståing for kva ei funksjonsnedsetting er?

Nedsett syn betyr ikkje nedsett arbeidsevne. Eg trur dette handlar om haldningar og verdiar.

Norge er eit land med kanskje verdas beste velferdsordningar. NAV har mange tiltak som kan bidra til at fleire med nedsett funksjon kan komme seg i jobb. Men vi treng fleire arbeidsgjevarar som kan gje desse menneska ein mogelegheit.

Det handlar om kva slags samfunn vi ønskjer å vere. Eit inkluderande samfunn som bidrar til eit fellesskap, også for menneske med nedsett funksjon.